24.08.2017

Fakta: Vern


Ratvikvatnet


VV00001396
Ålesund
Offisielt navn
Ratvikvatnet naturreservat
Verneform
naturreservat
Verneplan
Verneplan for våtmark
Verneforskrift
http://www.lovdata.no/for/lf/mv/xv-19880527-0389.html
Vernedato
27.05.1988
Status revisjon
Ikke revidert
Forvaltningsmyndighet
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
MOB-Land prioritet
G Ikke vurdert
Totalareal (fra kartobjekt)
65 daa
Landareal (fra forskrift)
69 daa
Forvaltningsplanstatus
Godkjent
Forvaltningsplan vedtaksdato
31.05.2010
Skjøtselsplanstatus
Ingen plan
IUCN-status
IUCN IA
Planbehov
Forvaltning- og skjøtselsplan
Trusselnivå
Truet
Overvåkingsbehov
Etablere overvåking
Tiltaksbehov
Behov
Generelt
Ratvikvatnet naturreservat ligg mellom Lerstadvegen og Ratvikåsen i Ålesund kommune. Kjerneområdet i reservatet er Ratvikvatnet, som er lite, grunt og næringsrikt med frodig vassvegetasjon og eit breitt takrøyrbelte. Rundt tjernet er det frodige urteenger, krattsoner og fuktbjørkeskog. Landskapet er ope og lågt, men litt kuppert. Vatnet er godt skjerma i eit villastrøk med Lerstadvegen som avgrensar reservatet i nord. Det går ein tursti på vestsida omtrent langs vernegrensa.
Verneformål
Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med tilhøyrande plantesamfunn, fugleliv og anna dyreliv.
Naturfaglig kvalitet
Ratvikvatnet naturreservat er ein særs viktig lokalitet som raste- og overnattingsplass for småfugl. Det er, spesielt interessant som hekkeplass for den nasjonalt sjeldsynte dvergdykkaren, i Ratvikvatnet hekkar det årleg 1-2 par. Ålesund og Sula er dei viktigaste kommunane for hekkande dvergdykkar i Noreg. Tidvis hekkar sivsporv, myrrikse, sivhøne og mogeleg sothøne her. Dette var tidlegare fast hekkeplass for sivhøne, men det kan sjå ut som om ho forsvann som hekkefugl frå reservatet på 80-talet. Vatnet er òg viktig for den raudelista vassriksa som overvintrar her nesten kvart år, enkelte år er ho observert hekkande. Av vadefugl rastar både kvartbekkasin og enkeltbekkasin, sistnemnte trulig hekkande. Andre fuglar som blir observert i området er songsvane, sivsongar og fleire typar ender. Elles er takrørvegetasjonen, saman med dunkjevlebeltet i Lerstadvatnet, den viktigaste overnattingsplassen i Møre og Romsdal for låvesvale i trekktida om hausten, og flokkar på 5000- 10 000 fuglar har vore observert. Desse vegetasjonsbelta er òg overnattingsplass for ei rekkje andre småfugl. Hjort og rådyr er andre vanlege artar innafor reservatet. Det finst trepigga stingsild i Ratvikvatnet, og det er oppgang av både ål og sjøaure i bekken. Ålen går heilt opp til vatnet. Det er uklart om auren kjem heile vegen opp, men fordi dvergdykkaren hekkar her kan det tyde på at han ikkje gjer det. Vatnet har antakelig vore fritt for anadrom fisk etter at bekken ut frå Ratvikvatnet blei lagd i røyr. Dette har gitt svært gode næringsforhold for fleire fugleartar i tillegg til dvergdykkaren. Vatnet er omgitt av frodig takrøyrvegetasjon, den største bestanden på Sunnmøre. I tillegg er bjørke-viersumpskogen truleg den best utvikla sumpskoglokaliteten i Ålesund. Det finst og innslag av annan vegetasjon som storrsump og kildesumpskog i vest, og høgstaudeenger i aust. På sørsida er det stort oppslag av myrhatt. Området er relativt næringsrikt og i takrøyrskogen veks næringskrevjande artar som til dømes mjødurt, vendelrot, stornesle og engminneblom. Vatnet har òg ein rikeleg undervassvegetasjon. Dei seinare åra har det komme opp eit belte av lauvskog, særleg bjørk, langs reservatgrensa. Andre karplanter som blei registrert i området under naturtypekartlegginga var andemat, bekkeblom, blærerot, bukkeblad, elvesnelle, engkarse, flaskestorr, hanekam, hesterumpe, krattmjølke, mjødurt, musestorr, myrfiol, myrhatt, myrklegg, myrmaure, myrmjølke, nøkkerose, sløke, småpiggknopp, sumpkarse, takrør, tepperot tettegras, tjønnaks, trådstorr og tusenblad. Det er òg funnen fleire nasjonalt raudlista sopp i området.
Påvirkning
Det har vore ein markert tilbakegang for fleire av våtmarksartane av fugl som var vanlege i området tidlegare, og fleire artar er no sjeldsynte. Grunnane til endringar i fuglebestandane er truleg samansette og både lokale og regionale. Oppslaget av lauvsk
Tiltak
Kartleggje fuglelivet. Sperre grusplassen og leggje til rette for fuglekikkarar med informasjon etc.. Fjerne framande artar. Ekstramerke på reservatskilta om ferdselsforbod. Felle ein del lauvkratt og trevegetasjon.
Dokumenter
    • image
    • Oversiktsbilde
    • image
    • Vatnet med takrørbelte
    • image
    • Ratvikvatnet frå sørvest

Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommuner