18.12.2017

Fakta: Vern


Geiranger-Herdalen


VV00002331
Norddal, Stranda
Offisielt navn
Geiranger-Herdalen landskapsvernområde
Verneform
landskapsvernområde
Verneplan
Ikke vurdert
Verneforskrift
http://lovdata.no/forskrift/2004-10-08-1310
Vernedato
08.10.2004
Status revisjon
Ikke revidert
Forvaltningsmyndighet
Verneområdestyret for Geiranger-Herdalen landskapsvernområde
MOB-Land prioritet
G Ikke vurdert
Totalareal (fra kartobjekt)
499702 daa
Landareal (fra forskrift)
498000 daa
Sjøareal (fra forskrift)
0 daa
Forvaltningsplanstatus
Godkjent
Forvaltningsplan vedtaksdato
16.01.2008
IUCN-status
IUCN V
Planbehov
Skjøtselsplan
Trusselnivå
Ikke truet
Overvåkingsbehov
Videreføre overvåking
Tiltaksbehov
Behov
Generelt
Geiranger-Herdalen landskapsvernområde ligg på Sunnmøre i kommunane Norddal og Stranda. Verneområdet startar ved fjorden (Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden, Norddalsfjorden og Tafjorden) og strekjer seg opp i høgfjellet. I aust sluttar verneområdet ved fylkesgrensa med Oppland. På andre sida av grensa ligg Breheimen nasjonalpark, medan området i nord støtar mot landskapsvernområda i randsona til Breheimen nasjonalpark. Adressa til verneområdestyret si nettside er: http://www.nasjonalparkstyre.no/Geiranger-Herdalen/
Verneformål
Føremålet med vernet er å: Ta vare på eit særprega og vakkert fjord- og fjellandskap med eit rikt og variert plante- og dyreliv. Ta vare på viktige kulturlandskap der fjordgardar, setermiljø og kulturminne utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart. Ta vare på geologiske førekomstar og landskapsformer.
Naturfaglig kvalitet
Geiranger-Herdalen landskapsvernområde er verneverdig som eit typeområde på eit fjordsystem med tilhøyrande variert natur i denne landsdelen. Det finst svært store landskapsmessige og biologiske variasjonar med eit rikt plante- og dyreliv over korte avstandar. Området har viktige kulturlandskap, der fjordgardar, setermiljø og kulturminne utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart. Geologi: Området er del av den vestnorske gneisregionen og landskapet er forma av den kaldeonske fjellkjedefoldinga etterfulgt av isbrear og elvar sitt arbeid i tertiærtida og kvartiærtida. Isbreane i området var svært aktive og grov seg raskt ned i berggrunnen. Mesteparten av fjordliene er difor bratte og opprivne, med eit utal gjel og imponerande fossefall. Hengedalane i tilknyting til fjordsystema, som Gomsdalen og Verpesdalen, er karakteristiske geologiske formasjonar. Mange stader finn ein store relieff, og fleire av desse er aktive skredområde når det gjeld snø, lausmassar og fjell. Høgfjellsområda har markert alpin topografi med store relieff, og høvesvis store moreneavsetningar og vatn som ligg avstengt av tersklar i botnane. Av bergartane i området er olivin mest interesant. I Kallskaret naturreservat, som ligg inneslutta av verneområdet, finn ein på eit lite område olivin og eklogitt saman med mellom anna kleberstein og asbest. Biologi: I kulturlandskapet finn ein svært viktige naturbeitemarker i Botnen og på Herdalssetra, samt biologisk viktige naturbeitemarker på fleire av hyllegardane og setrar som framleis vert skjøtta. Det er fleire lokalitetar av varmekjær lauvskog med tilsvarande verdi som Hyskjet naturreservat, som ligg i tilknyting til verneområdet. I tillegg er det ein svært viktig urskog/furuskog på Flåna. Alle soleksponerte rasmarker i kombinasjon med berg og kantkratt innanfor verneområdet vert rekna som nasjonalt eller internasjonalt viktige. Her finn ein mellom anna den raudlista mnemosynesommarfuglen og andre varmekjære insekt og karplanter. Fjellområda er stort sett artsfattige med nokre unntak, som området rundt Kallskaret naturreservat, der ein finn kalkelskande planter, og nokre artsrike rasmarker og bergveggar i dei aust-vest vendte dalføra. Innanfor verneområdet finn ein alle dei fire hjortedyra, då Otta-reinen kjem inn i området frå aust. Av raudlista fuglar er det eller har vore registrert kvitryggspett, dvergspett, vendehals, gråspett, kongeørn, havørn og jaktfalk. Det er òg regsitrert fleire raudlista insekt, soppar, lav og mosar. Her vil det truleg verte funne meir i samband med vidare undersøkingar. Av særmerkte karplanter kan nemnast brunburkne, som er nær knytt til olivinførekomstane, og Norddalsmarikåpa, som berre fins på nokre få lokalitetar på indre Sunnmøre. Området Oaldsbygda-Furneset er eit av berre fem område i Møre og Romsdal som tilfredsstiller kriteriet for villmark (meir enn 5 km frå tyngre tekniske inngrep).
Påvirkning
Delar av landskapsvernområdet er utsett for slitasje grunna masseturisme. Store delar av kulturlandskapet er allereie eller i ferd med å gro att. Talet på aktive bønder i bygdene ved verneområdet er dalande, og det vert mindre beitedyr til å halde landskapet i hevd. Det er nokre bestandar av gran i og rundt verneområdet, og spreiing er starta inne i landskapsvernområdet. Platanlønn er òg på frammarsj både innanfor og utanfor verneområdet. Samfunnsmessig viktige tiltak som rassikring av vegar må gjerast inne i eller tett ved landskapsvernområdet.
Tiltak
Stitilretteleggingsprosjekt for å kanalisere ferdsel ved Vesterås - Storseterfossen. Fjerning av gran og platanlønn.
Dokumenter
    • image
    • Geiranger sentrum og busetnaden oppover dalen er ikkje med i landskapsvernområdet
    • image
    • Dei sju søstre er er eit særmerkt innslag i Geirangerfjorden
    • image
    • Skageflå er ein av hyllegardane i Geirangerfjorden
    • image
    • Sommarferga på tur inn Geirangerfjorden
    • image
    • Herdalen med Herdalssetra
    • image
    • Herdalssetra er i aktiv drift

Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommuner