21.11.2017

Fakta: Vern


Geitaknottene


VV00000650
Kvinnherad, Kvam, Fusa
Offisielt navn
Geitaknottane naturreservat
Verneform
naturreservat
Verneplan
Annet vern eller verneplan
Verneforskrift
http://www.lovdata.no/for/lf/mv/xv-19971219-1353.html
Vernedato
19.12.1997
Status revisjon
Ikke revidert
Forvaltningsmyndighet
Fylkesmannen i Hordaland
MOB-Land prioritet
G Ikke vurdert
Totalareal (fra kartobjekt)
13726 daa
Landareal (fra forskrift)
13726 daa
Sjøareal (fra forskrift)
0 daa
Forvaltningsplanstatus
Godkjent
Forvaltningsplan vedtaksdato
15.01.2010
IUCN-status
IUCN IA
Planbehov
Ingen
Trusselnivå
Ikke truet
Overvåkingsbehov
Videreføre overvåking
Tiltaksbehov
Ikke behov
Generelt
Geitaknottane ligg i Kvinnherad og Kvam på grensa til Fusa, på ei halvøy med Hardangerfjorden i aust og Bjørnefjorden i vest. Klimaet oseanisk med mykje nedbør, milde vintrar og relativt varme somrar. Området er for det meste prega av grunnlendt mark med mykje fjell i dagen og skrinn furuskog, trass i at bergrunnen er dominert av næringsrike bergartar som grønstein og grønskifer i tillegg til amfibolitt. Bakgrunnen for vernet er først og fremst den store populasjonen av storsalamander i området. Geitaknottane grenser til Yddal naturreservat i nordvest, og saman dannar dei eit verna område på 33 km2, noko som kanskje utgjer det største villmarksprega skogområdet på Vestlandet.
Verneformål
Føremålet med fredinga er å sikre flora og fauna i eit større og relativt urørt område som strekkjer seg frå lågland til fjell. I området finst det både typiske, sjeldne og sårbare plante- og dyreartar, til dømes den rikaste førekomsten av storsalamander som er kjent i landet, og den sjeldne planta kongsbregne som veks fleire stader i området.
Naturfaglig kvalitet
Geitaknottheiane er det rikaste kjente område for storsalamander i Noreg. Førekomstane av storsalamander i Geitaknottane vart først kartlagt av Dag Dolmen på 1990-talet. Sommaren 2008 vart over 1600 individ observert under teljingar. Kombinasjonen av næringsrik berggrunn og mange fisketomme dammar og tjørn fordelt over eit stort område gir gode forhold for arten. Yddal og geitaknottane er godt undersøkt i forhold til andre verneområde i fylket, og over 1800 artar er registrert i dei to naturreservata til saman. Furu er det dominerande treslaget, og barskog utgjer 50 % av arealet. Det er også små parti med artsrik edellauvskog i sørvendte skråningar.
Påvirkning
Menneskeleg aktivitet og påverknad har vore liten dei siste 50 åra. Tidlegare bruk omfattar utmarksslått, styving av lauvtre, vedhogst og plukkhogst.
Dokumenter

Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommuner