18.12.2017

Fakta: Vern


Hisdalen


VV00001060
Bergen
Offisielt navn
Hisdalen naturreservat
Verneform
naturreservat
Verneplan
Skogvern
Verneforskrift
http://www.lovdata.no/for/lf/mv/xv-19991217-1430.html
Vernedato
17.12.1999
Status revisjon
Ikke revidert
Forvaltningsmyndighet
Fylkesmannen i Hordaland
MOB-Land prioritet
G Ikke vurdert
Totalareal (fra kartobjekt)
2757 daa
Landareal (fra forskrift)
2611 daa
Forvaltningsplanstatus
Ingen plan
Skjøtselsplanstatus
Ingen plan
IUCN-status
IUCN IA
Planbehov
Forvaltningsplan
Trusselnivå
Ikke truet
Overvåkingsbehov
Etablere overvåking
Tiltaksbehov
Behov
Generelt
Hisdalen naturreservat er eit barskogsreservat som ligg mellom Krokeide og Nordvik, på nordsida av Lysefjorden, sørvest i Bergen kommune. Reservatet omfattar delar av eit lite vassdrag, som går i nordaust-sørvestleg retning og renn ut i sjøen i Austrevågen ved Krokeide. Hisdalsvatnet (52 moh.) som er den einaste innsjøen i vassdraget, ligg innanfor reservatgrensa. Reservatet grensar òg mot Lysefjorden og Tortelsvika i sør, og har ca. 1,9 km strandlinje. Høgaste punktet i reservatet er på Lyseskarfjellet, vel 300 moh. Berggrunnen i området består av harde gneisar som forvitrar seint, og gir opphav til eit skrinnt og næringsfattig jordsmonn, og det er mykje bart fjell i området. Nokre mindre myrar finst òg, men de meste av området har furuskog med varierande innslag av lauvtre som bjørk, rogn, selje, svartor, osp og hassel. Det går tydelige stiar inn mot reservatet frå Krokeide, Heggevik ved Nordvik, Fanasæter og Salbu ved Fanafjorden. Stien mellom Krokeide og Heggevik går gjennom reservatet, på nordsida av Hisdalsvatnet.
Verneformål
Formålet med fredinga er å sikre eit område med naturleg furuskog som strekkjer seg frå fjorden til skoggrensa, og der skogen er relativt lite påverka av skogbruk i nyare tid.
Naturfaglig kvalitet
Dei naturfaglege kvalitetane ved området er først og fremst knytt til verdien som referanseområde, dvs. at området er eit typisk døme på den furudominerte naturskogen i distriktet, og skogen her skal i framtida få utvikle seg naturlig, utan inngrep. Harde bergartar og grunnlent mark gir grunnlag for ei fattig furuskogtype med nøysame artar. Hovudgenerasjonen av furutre er i overkant av 120 år, men det er òg ein generasjon på 150-160 år her. Sistnemnte har gjerne ein stammediameter på 40-60 cm. Det finst òg eldre furuskog, og boreprøver av to tre viste 305 og 325 år i 1991. Dette er ei ganske vanleg aldersgruppe i dei litt høgareliggande delane av området. Enkelte tre er svært grove, med stammediameter på opp mot 1 m. På dei skrinne fjellryggane er det typisk krokete, smalstamma tre med diametrar på 10-20 cm, men slike tre kan vere like gamle som dei grove. Hassel førekjem stadvis i furuskogen, i sørvendte lier med djupare jordsmonn. Osp er vanlegare og inngår i blandingsskog med bjørk og furu. Svartor finst spreidd, men oftast i fuktige søkk og langs bekkekantar. Eik er berre registrert som ein liten busk på ei berghylle. Blåtopp og røsslyng er framtredande artar på grunnlendt mark, medan blåbærfuruskog finst på veldrenerte stader med litt djupare jord. Einer er svært vanleg i området, og dannar ofte tette kratt. Det finst også enkelte rikare parti, særleg der det er innslag av hassel. Døme på litt meir krevjande artar er skogsvingel, hengeaks, skogstarr, skogfredlaus og markjordbær. Det finst fleire middelsstore myrar i søkk mellom kollane i området. Myrane er av atlantisk type, med markert tuestruktur. Røsslyng og klokkelyng er vanleg, saman med m.a. rome og pors. Myrvegetasjonen er jamt over fattig, men enkelte stader er det innslag av dvergjamne. Det er lite død ved i området. Nokre døde stammar (gadd) står hist og her, men liggande død ved (læger) er sjeldan. Kryptogamfloraen (mosar og lav) viser klare oseaniske trekk, og på skuggefulle stader kan ein finne hinnebregne og moseartar som storstylte, raudmuslingmose og kysttvebladmose. Blant lavane er det òg funne raudlista artar som Degelia cyanoloma (VU), kystkorallav (NT), hornstry (NT) og gul pærelav (NT). Under ei kartlegging av naturtypar i Hisdalen naturreservat i 2011 (Jansson 2012), vart det funne fem aktuelle lokalitetar: To lokalitetar med gammal lauvskog av utforming fuktig kystskog (begge med verdi B - viktig), to lokalitetar med gammal furuskog (verdi B – viktig og C – lokalt viktig) og ei stor, hol ask som kan ha vore styva tidlegare (lokalt viktig - C).
Påvirkning
Alderen på den dominerande furugenerasjonen tyder på at området var ganske skogfattig fram til rundt midten av 1800-talet. På den tida vart området utnytta til beite, og det var berre dei øvre delane som hadde skog. Mykje gras i feltsjiktet, tette kratt med einer og stadvis einstape, er nok òg spor etter tidlegare beiting (attgroingsstadium). Overgrodde stubbar vitnar òg om tidlegare hogst i området. I nyare tid er det hogd litt skog nordaust for Hisdalsvatnet. Her er det fleire opne felt med relativt ferske stubbar. Nokre av hogstfelta er planta til med gran, m.a. eit felt på ca. 50 daa, og spreidd gran førekjem særleg i nedre halvdel av dalen. Hogstfelta har òg til dels grodd at med krattskog av bjørk.
Tiltak
Halde stiane ved like. Det er ønskjeleg å ta ut grana i området.
Dokumenter

Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommuner