24.11.2017

Fakta: Vern


Mallasvika


VV00002822
Naustdal
Offisielt navn
Mallasvika naturreservat
Verneform
naturreservat
Verneplan
Verneplan for edelløvskog/rike løvskoger
Verneforskrift
http://www.lovdata.no/for/lf/mv/xv-20090619-0802.html
Vernedato
19.06.2009
Status revisjon
Ikke revidert
Forvaltningsmyndighet
Naustdal kommune
MOB-Land prioritet
G Ikke vurdert
Totalareal (fra kartobjekt)
175 daa
Landareal (fra forskrift)
175 daa
Sjøareal (fra forskrift)
0 daa
Forvaltningsplanstatus
Ingen plan
Skjøtselsplanstatus
Ingen plan
IUCN-status
IUCN IA
Planbehov
Forvaltningsplan
Trusselnivå
Truet
Overvåkingsbehov
Ikke vurdert
Tiltaksbehov
Behov
Generelt
Områdebeskrivelse: Området syner ein karakteristisk gradient i vekstvilkår og vegetasjon frå oversida av fjellveggen og til botnen av skredlia nedanfor. Den rike, samanhengande edellauvskogen veks på skredjord nedanfor fjellveggen, og har preg av storstamma, høgvaksen "parkskog". Spor etter lauving er lite framtredande. Dette er tidlegare slåttemark, der dei store edellauvtrea har vore tekne vare på. Ned mot bekkesiget får skogen eit noko fuktig preg, med mykje stor ask, og med innslag av svartor. På desse fuktige partia veks m.a. kystmaigull, vårkål, mellomtrollurt, og mjødurt. Bekkesiget går lange stykke heilt gøymt under steinar, som dannar underlaget for ein gamal køyreveg. Lengst vest i området er gråorskogen stykkevis broten opp av store urer av store steinblokker. I sør og aust er det overgangar mot open innmark, der kantsonene har mykje hassel, eit treslag som også finst vanleg elles i området, m.a. rett oppunder fjellveggen. I fjellveggen veks berre spreidde tre, av furu, einer, bjørk, m.fl., men på hyllene finst også nokre slutta bestand av osp og andre treslag. Der terrenget flatar ut over fjellveggen tek edellauvtrea slutt, og skogen går i hovudsak over til einsarta gråorskog med feltsjikt dominert av krattlodnegras. Den gråorskogen har kome ved attgroing av tidlegare store slåtteareal. Spesielle forhold ved området: Edellauvskogen kan i hovudsak karakteriserast som ei oseanisk utforming av gråor-almeskog, som lengst i vest går gradvis over i rein gråorskog. Tilrettelegging og skjøtsel: Det er viktig at innplanta gran vert teken ut, både den som er hogstmoden, og yngre tre som elles vil vekse opp, frø seg og utkonkurrere den stadeigne vegetasjonen. Ut over dette verkar ikkje området opplagt skjøtselskrevjande. Sjølv om det frå gammalt av vart slege, er dette så lenge sidan at det truleg er lite att av slåttengsamfunna. Moglege unntak gjeld nokre små, forvilla engparti, m.a. ved Slåtteskorhelleren oppunder brattfjellet, der det framleis ligg att slipestein m.m. i helleren.
Verneformål
Føremålet med fredinga er å ta vare på eit skogområde med spesielle naturtypar, med heile mangfaldet av artar og vegetasjonstypar, og alle naturlege økologiske prosessar. Området har særskilt vitskapleg og pedagogisk verdi som ein av dei rikaste edellauvskogane i Sunnfjord.
Naturfaglig kvalitet
edelløvskog/rike løvskoger

Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommuner