27.04.2018

Fakta: Naturtype


Hodne-Dale


Id
BN00004815
Områdenavn
Hodne-Dale
Rennesøy
Naturtype
Kystlynghei
Utforming
Verdi
Svært viktig
Utvalgt naturtype
Ja
Navn på utvalgt naturtype
U06 - Kystlynghei
Registreringdato
19.06.2013
Nøyaktighetsklasse
< 20 m
Tilstand
Svak hevd
MOB-Land prioritet
G Ikke vurdert
Modellert
Nei
Gjennomsnittsdyp
Forvaltningsplan
Ja
Forvaltningsavtale
0
Forvaltningsavtale inngått
Forvaltningsavtale utløper
Bruk
Påvirkningsfaktor
Verdibegrunnelse
Raudlistearten ekornsvingel CR er funnen talrikt her, og det er funnen fleire raudlista artar som støttar høg verdisetjing. Området er delvis gjødselpåverka, og noko av vegetasjonen har dårleg hevd. Funn av raudlistearter gjer at verdien likevel bør vere særs viktig.
Innledning
Avgrensinga vart lagt inn utan tekst i 1999, tufta på Dagestad 1995, tekst lagt inn i 2011 av Audun Steinnes, fylkesmannen på grunnlag av litteratur og andre kjelder, særleg John Inge Johnsen. Området er høgast prioritert i fylket i ”Nasjonal registrering av kulturlandskap” av dei viktigaste i landet for naturmangfald. Fylkesmannen fekk etter dette utarbeidd ein omfattande dokumentasjon av natur – og kulturverdiar med framlegg til skjøtsel og forvaltning (Dagestad 1995). Sentral del av prioritert kulturlandskap frå 2009. Kommunen har fått utarbeidd skjøtselsplanar og forhandla fram avtalar med grunneigarane for det meste av dei viktigaste areala. Lokaliteten er undersøkt av Rune Søyland i samband med oppdatering av naturtypekartlegging og oppfylging av skjøtselsansvarlige for utvalde kulturlandskapsområde på Rennesøy i 2012 og 2013. Avgrensing og skildring er endra i oktober 2013, mellom anna sidan området ser ut til å ha større verdi enn lyngheiområde på vestsida av Dalestemmen.
Beliggenhet
Lokaliteten er avgrensa som det samanhengande lyngheiområdet mellom Dalestemmen, Dalsfjellet, Heggland, Skjørvestad og Roaldstad, og er den største lokaliteten med kystlynghei som er avgrensa i kommunen. Fleire område som var lagt inn i lokaliteten i 1999 er skilde ut som eigne lokalitetar. Området er blitt undersøkt over fleire datoar, men området mot nord ved Roaldstad og Skjørvestad er ikkje blitt undersøkt i felt i 2013. Grensene her er justerte for å ta vekk område som heilt klart er fulldyrka jord, men her inngår ennå noko areal som har uviss status. Avgrensinga er basert både på GPS og ortofoto, og vert rekna som god for det meste av lokaliteten. Grensene er i stor grad sette mot fulldyrka eller oppgjødsla mark, og plantefelt av sitkagran og andre bartre. Berggrunnen er amfibolitt og glimmerskifer - dette fører særleg til rikare jord i den sørvestvende brattkanten i sørvest og lausmassane nedanfor. Området ligg i boreonemoral vegetasjonsseksjon, sterkt oseanisk og vintermild underseksjon (O3t). Platået er rikare på lausmassar enn det som er vanleg i kystlyngheiområde i fylket.
Naturtyper
Vegetasjonen er kystlynghei med både tørr røsslynghei, fukthei og nokre myrar. Slik avgrensinga er sett no kjem det i sørvest inn mindre delar med sørvend tørrhei med purpurlyng. Viktigaste utformingar er tørr lynghei dominert av røsslyng, og fuktig lynghei med røsslyng, klokkelyng og bjønnskjegg. Vegetasjonen er fattig. Store delar austsida er brend i fleire omgangar, og det er og brent noko på Daleheia i 2013. Yngre brannfelt framstår som gras- og urterik hei, og har mange stader overgang mot naturbeitemarksvegetasjon.
Artsmangfold
Av raudlisteartar er det funnen skotsk augnetrøst DD, purpurlyng NT, torvsåtemose VU og raud honningvokssopp VU. Det føreligg og opplysningar om solblom VU frå seinare år, men denne er ikkje gjenfunnen. Det er i tillegg registrert kronblomsterflue EN. Det er registrert få raudlisteartar, men det er truleg godt potensial for å finne fleire artar av mellom anna insekt, mose og sopp knytt til kystlynghei med lang kontinuitet.
Påvirkning
Delar av området har enno dårleg hevd med tett attgroing med einer og gamal røsslyng, og mindre delar er dominert av spreidde bartre. Det er og nokre mindre felt med planta skog som er teken med i avgrensinga. I austre delar har det dei siste åra vore for hardt beitepress i forynga område, medan det i vestre og nordre del, samt gjengrodde delar, er for lågt beitepress. Det er no både beite med storfe, kvit sau og villsau. Den vestre delen er prega av gamal lyng, med ein del attgroing, særleg i sør. I nordre del er det truleg parti som har vore ein del gjødsla. Det går eit omfattande turløypenett gjennom området, som er mykje brukt. Særleg i fuktige parti er det mykje trakkskadar i vegetasjonen. Det er sett i gang ulike typar utbetringar av løypenettet.
Fremmede arter
Parkslirekne ved snuplass på Sel, plantingar med sitka og andre bartere og dels omfattande spreiing frå desse. Bulke – og sprikemispel i purpurlynghei heilt i sør. Ribbesåtemose nær Heggland. Det er særleg spreiing av framande bartre som er omfattande.
Skjøtsel
Vidareføring av beiting, lyngbrenning og rydding er særs viktig. Beitetrykket må følgjast nøye, slik at brende område får tilstrekkeleg gjenvekst av røsslyng. Vidareføring av frivillige avtalar for å hindra gjødsling og trygga rett beiting og aktiv skjøtsel (rydding-lyngbrenning) er avgjerande. Det må ikkje gjødslast, og leggast opp til ein driftsform som krev minst mogleg tilleggsforing. Eventuell tilleggsforing bør skje i god avstand frå verdisett område. Framande treslag og mispelartar bør bekjempast manuelt.
Landskap
Ein avgjerande del av utvald kulturlandskap både ut frå areal og landbrukshistorie. Fleire av gardane i/ved området har bygningsmasse, tun og drift som på mange måtar fell godt inn i heilskapen saman med dei gamle kulturmarkene. Området er og nytta svært mykje til turgåing.
Mangler
Totalareal
2688 daa
Kilder
Navn År Tittel Lenke Kildetype
Johnsen, John Inge Feltundersøkelser
Rune Søyland 2013 Oppdatering av naturtypar i delar av Rennesøy kommune. Ecofact rapport (utkast), 2013 Feltundersøkelser
Knut Henrik Dagestad 1996 Verdier i- og forslag til forvaltning av kulturlandskapsområdet Hodne-Helland-Bø. - Fylkesmannen i Rogaland /Rennesøy kommune. Litteratur

Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommuner