21.10.2017

Fakta: Naturtype


Kyrkjehølen


Id
BN00016657
Områdenavn
Kyrkjehølen
Vindafjord
Naturtype
Kroksjøer, flomdammer og meandrerende elveparti
Utforming
Verdi
Svært viktig
Utvalgt naturtype
Nei
Registreringdato
10.09.2015
Nøyaktighetsklasse
< 20 m
Tilstand
MOB-Land prioritet
G Ikke vurdert
Modellert
Nei
Gjennomsnittsdyp
Forvaltningsplan
Nei
Forvaltningsavtale
0
Forvaltningsavtale inngått
Forvaltningsavtale utløper
Bruk
Påvirkningsfaktor
Verdibegrunnelse
Lokaliteten får låg vekt på heterogenitet og talet på lokaliteter samt på kor urørt lokaliteten er, men inneheld éin raudlisteart i kategorien sterkt truga (EN) og får middels vekt på vassvegetasjon. Det er ikkje gitt vekt på botndyr ettersom desse ikkje er undersøkte. Fast førekomst av sterkt truga raudlisteart svarer til svært viktig (A-verdi). Det kan diskuterast om dette er ein litt høg verdi, sidan den elles har låg vekt på dei fleste andre parametrane.
Innledning
Lokaliteten vart opphaveleg skildra av Gjerde (2000) og vart då vurdert som svært viktig (A-verdi). Lokaliteten vart undersøkt av Torbjørg Bjelland og Linn Eilertsen, Rådgivende Biologer AS, den 10. september 2015. Synfaringa vart gjort på oppdrag frå Fylkesmannen i Rogaland, for å få kvalitetssikra og oppdatert gamle skildringar av lokalitetar til Naturbase.
Beliggenhet
Lokaliteten ligg ved Vikedal, på sørsida av utløpet til Viskedalselva i Vindafjord kommune, Rogaland. Berggrunnen består av kvartsdioritt, og lausmassane er elveavsetningar.
Naturtyper
Lokaliteten er definert som naturtypen kroksjø, flomdam og meandrerande elveparti (E03), delnaturtype lite eller ikkje flaumpåverka (E0311). Vasskantsamfunn med utforming elvesnelle-starr-sump (O3 i Fremstad 1997) er dominerande vegetasjonstype, men det er også flyteblad-vegetasjon (P2) i kroksjøen. Dette svarar til hovudtypen helofytt-ferskvannssump (L4) i NiN-systemet.
Artsmangfold
Av flytebladsplantar i Kyrkjehølen kan raud og kvit nøkkerose, tjønnaks og småtjønnaks nemnast. Sumpsivaks, mjuksivaks, småhavgras, flaskestorr, mannasøtgras, sverdlilje, gulldusk, elvesnelle og bukkeblad veks i ytre sone mot vatnet, medan hundekjeks, vasspeppar, kattehale, myrhatt, grøftsoleie, strandvindel, strandrøyr og ulike grasartar dominerer i indre sone, i overgangen mot fastmark. Lokaliteten har ei viss betyding for amfibier (inkludert nordpadde), er hekkeområde for ender og gråhegre. Det er også registrert sothøne i vatnet, men det er usikkert om arten hekkar her. Det er tidlegere registrert granntjønnaks (EN) i Kyrkjehølen (Dalen 2010).
Påvirkning
Lokaliteten blir påverka av avrenning frå omkringliggjande jordbruksområde. Dette kan medføre at lokaliteten gror att. Lokaliteten grensar til ein campingplass, og det er turstiar ved vatnet.
Fremmede arter
Det vart registrert store mengder platanlønn (SE) i den bratte skråninga inntil lokaliteten i aust. Eller er det en del hageplanter i/ved vatnet som raud vasslilje, skunkkala, tusenblad, hekkespirea og skjoldsildre.
Skjøtsel
Auka eutrofiering (dvs. næringstilførslar frå jordbruk og busetnad), attfylling, drenering og arealbeslag vil vere negativt for lokaliteten.
Landskap
Lokaliteten ligg ved eit elveutlaup i eit område som er omgitt av kulturlandskap langs elva, samt omkringliggjande skogkledde åsar.
Mangler
Totalareal
24 daa
Kilder
Navn År Tittel Lenke Kildetype
Bjelland, T. Eilertsen, L. & O.K. Spikkeland 2016 Kvalitetssikring av naturtypelokalitetar i Rogaland 2015. Rådgivende Biologer AS, rapport 2251, 77 sider. Litteratur

Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommuner