19.09.2017

Fakta: Naturtype


Stolvarden – Rossafjellet – Stiklevarden


Id
BN00017941
Områdenavn
Stolvarden – Rossafjellet – Stiklevarden
Karmøy
Naturtype
Kystlynghei
Utforming
Kalkfattig kystfukthei
Verdi
Svært viktig
Utvalgt naturtype
Ja
Navn på utvalgt naturtype
U06 - Kystlynghei
Registreringdato
21.07.2015
Nøyaktighetsklasse
< 20 m
Tilstand
MOB-Land prioritet
G Ikke vurdert
Modellert
Gjennomsnittsdyp
Forvaltningsplan
Forvaltningsavtale
0
Forvaltningsavtale inngått
Forvaltningsavtale utløper
Bruk
Påvirkningsfaktor
Verdibegrunnelse
Lokaliteten er stor i utstrekning og er i god hevd, sjølv om beite- og brenningsregimet ikkje lengre vert oppretthalde over det heile. Innan avgrensinga finnes det spreidde førekomstar av purpurlyng, ein mogleg førekomst av lodnefølblom, hekkeplass for hubro (EN), svartstrupe (EN) og gauk (NT). Ut frå dei nye verdisetjingskriteria tilseier lokalitetens storleik, hevd og førekomst av raudlisteartar ein verdisetjing som svært viktig (A).
Innledning
Feltarbeid og områdeskildring er gjort av Ecofact ved Bjarne Oddane i samband med revidering av gamle, og registrering av nye, kystlyngheier i Rogaland i 2015. Lokaliteten er registrert frå før i Naturbase. Det er her gjort endringar på lokalitetsnamn, områdeskildring og avgrensing. Vurdering og verdisetjing av lokaliteten fylgjer forslag til nye faktaark for kystlynghei (Jordal, 02.06.2014).
Beliggenhet
Lokaliteten er del av eit stort heiområde som strekk seg over sentrale delar av Sør-Karmøy. Fleire store område er skildra som naturtypen kystlynghei. Denne avgrensinga strekk seg mellom Stolvarden, Rossafjellet og Stiklevarden på nordsida av Burmavegen. Avgrensinga er sett på grunnlag av ortofoto og synfaring, og presisjonen er vurdert til å vere god (< 20 m). Berggrunnen består for det meste av granodioritt ('kvartsøyegneis') og et mindre parti kvartsdioritt ved Stiklevarden (NGU). Lausmassedekket består for ein stor del av tynn moreneavsetning, men enkelte stader vises fjell i dagen. Det er også parti med torvavsetningar. Lokaliteten ligg i boreonemoral vegetasjonssone, og i sterkt oseanisk seksjon (BN-O3t).
Naturtyper
Kystlynghei dekker store delar av avgrensinga. Det finnes også områder med fattig myr, men det synest naturleg at området sjåast på som ein heilskap. Vegetasjonstypen i kystlyngheia består i all hovudsak av kalkfattig, lite tørkeutsett hei (Fattige fuktheier, D0708), men det finnes også parti med kalkfattig, tørkeutsett hei (Fattige tørrheier, D0713). Området er småkupert og vegetasjonen er dominert av blåtopp og bjønnskjegg, men røsslyng, klokkelyng og rome er også talrike. Av andre vanleg førekommande artar kan pors, mjølbær, krekling, tepperot, flekkmarihand, blåknapp og heisiv nemnast. På solvendte knausar var det stadvis litt purpurlyng. Einer finnes spreidd over det meste i ulik tettleik. Myrene er også stort sett dominerte av blåtopp, med innslag av rome, klokkelyng, røsslyng, pors, skogstjerne og duskull.
Artsmangfold
Av planteartar er den sterkt trua (EN) lodnefølblom truleg registrert innan avgrensinga i 1973. Det er uvisst om den fortsatt finst her. Av andre planteartar kan purpurlyng trekkast fram. Den finnes spreidd i området, men er ikkje spesielt talrik. Det hekkar/har hekka eitt par hubro (EN) innanfor avgrensinga, og heile området inngår i leveområdet til hubro. Også svartstrupe (EN) og gauk (NT) er registrert hekkande innanfor avgrensinga.
Påvirkning
Store delar av området vert ikkje lengre heldt i hevd. Naturtypen er likevel i forholdsvis god stand, med lite tre og forholdsvis lite einer. Det går ein grusveg gjennom lokaliteten. Planteskog rett utanfor avgrensinga vil på sikt påverke naturtypen, ved oppslag av uønskte treslag.
Fremmede arter
Det er planta sitkagran og andre framande bartre inn mot lokaliteten og enkelte tre har spreidd seg inn i lokaliteten. Omfanget er enda lite.
Skjøtsel
Det er viktig å oppretthalda tradisjonell skjøtsel på lokaliteten. Lokaliteten bør beitast og eventuelt brennast i samsvar med tidlegare bruk. Ein bør unngå ytterligare fysiske inngrep og utviding av gjødsla mark og planteskog. Svartlisteartar bør fjernast. Lyngrike område og område med mykje strølag og oppvekst av busk/tre bør brennast for å halde kystlyngheia i god hevd. Brenning kan også brukas til å halde heia i god hevd dersom beitetrykket er for lågt. Ein bør unngå gjødsling, treplanting og fysiske inngrep.
Landskap
Kystlyngheia representerer eit landskap som var meir utbreidd i kystnære område tidlegare. Denne lokaliteten er ein del av store og vidstrekte, intakte heiområde, der ein verkeleg får følelsen av korleis kulturlandskapet var i tidlegare tider.
Mangler
Totalareal
7008 daa
Kilder
Navn År Tittel Lenke Kildetype
Bjarne Oddane Feltundersøkingar Feltundersøkelser
Dokumenter
    • image
    • Foto:Audun Steinnes
    • image
    • Foto:Audun Steinnes
    • image
    • BN00017941.JPG

Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommuner