24.11.2017

Fakta: Naturtype


Jåsund-Tananger


Id
BN00038036
Områdenavn
Jåsund-Tananger
Sola
Naturtype
Kystlynghei
Utforming
Verdi
Svært viktig
Utvalgt naturtype
Ja
Navn på utvalgt naturtype
U06 - Kystlynghei
Registreringdato
01.08.2013
Nøyaktighetsklasse
< 20 m
Tilstand
MOB-Land prioritet
G Ikke vurdert
Modellert
Nei
Gjennomsnittsdyp
Forvaltningsplan
Nei
Forvaltningsavtale
0
Forvaltningsavtale inngått
Forvaltningsavtale utløper
Bruk
Påvirkningsfaktor
Verdibegrunnelse
Lokaliteten får verdi A (svært viktig) fordi det er ein stor og variert naturtype sett til hovudutforming kystlynghei. Avgrensinga inngår i eit større heilskapleg kulturlandskap.
Innledning
Undersøkt ved feltarbeid i samband med revidering av registrerte naturtypar i Sola kommune 2013 av Ecofact ved Knut Børge Strøm. Lokaliteten er frå før registrert i Naturbase, og har ein tilfredsstillande omtale. Arealet er redusert. Ein stor del av området er sett av til friluftsformål i kommunedelplan for Jåsund. Den nordre og søre enden er stalteg frilyftsområde. Den store bustadutbygginga som er i gang her vil påverka tilgrensande område sterkt.
Beliggenhet
Lokaliteten ligg ytst mot havgapet, og omfattar eit stort område som strekkjer seg frå Jåsund i nord til Tananger i sør. Avgrensinga er sett ved hjelp av ortofoto og vurdering i felt, og reknast som relativt god (under 30 m). Bergrunnen består av diorittisk til granittisk gneis, migmatitt med enkelte små felt av kalkspatmarmor. Området er sterkt prega av bart fjell men har også innslag av marine strandavsetningar. Området ligg ifølge Moen (1999) i boreonemoral vegetasjonssone, i sterkt oseanisk seksjon (BN-O3t).
Naturtyper
Naturtypelokaliteten er heile 901 daa stor, noko som er svært uvanleg i ein kommune som er prega av eit intensivt drive jordbrukslandskap og nedbygde bustadområde. Naturlig nok i ei slik stor avgrensing framstår landskapet og vegetasjonsutformingane variert. Hovudutforminga kan seiast å vere ei fin utforming av kystlynghei (D07) med dominerande parti av tørr lynghei (H1) og forseinkingar med fuktig lynghei (H3). Lyngheia representerer ein kulturmarkstype som tidlegare var vidt utbredt langs kysten av Europa, men som i dag nesten har forsvunne i desse områda. Gjeldane lyngheilokalitet er truleg ein av dei eldste i landet, og bør på lik linje med andre verdifulle lyngheier bevarast for framtida. Området inneheld som nemnt ein mosaikk av fleire ulike natur- og kulturmarkstypar. Fuktige våtenger, myr, dammar, tjern og klippekyst gir ein stor biologisk variasjon tilknytt flora og fauna. Lokaliteten er den største registrerte naturtypen på land i kommunen, og dannar eit heilskapleg landskap med stor verdi både vurdert ut frå landskapsestetikk, biologisk mangfald og rekreasjonsverdi.
Artsmangfold
Småsalamander (NT) er registrert ved fleire vasshòl innanfor avgrensinga. Karplantefloraen er dominert av vanlege heiartar, men det kan førekomma meir spennande og basekrevjande artar i nokre små felt med marine avsetningar og kalkrik berggrunn. Loppestorr er tidlegare registrert i området. I nord er det mindre rikare sig med breidt dunkjevle, jåblom, myrstjernemose og brunklomose. I den søre enden nær Tananger er det små lommar med rikare kulturmarkseng med skogfiol, blodtopp og enghumleblom i lyngheia og rikeleg med rosenrot i strandberga. Av vanlege artar kan røsslyng, krekling, blåtopp, blåknapp, blokkebær, rome, klokkelyng, bukkeblad, elvesnelle, flaskestorr, fjørekoll, heisiv, øyrevier, smyle, blåklokke, bjønnskjegg, einer, engkvein, kornstorr, tepperot, mjødurt, myrhatt, duskmyrull, torvmyrull og bjørk nemnast. Delar av naturtypeavgrensinga fungerer som eit svært viktig viltområde for rådyr.
Påvirkning
Lokaliteten har eit vidt spenn når det gjeld tilstand. Enkelte område er fjerna frå avgrensinga pga. attgroing av skog, oppdyrking og nedbygging. Attverande areal har ei veldig fin utforming på dei skrinnaste delane,der tre ikkje får rotfeste. Område med meir jordsmonn har ein del oppslag av lauvtre, sitkagran og buskfuru. Etter kva som kunne sjåast under synfaring er det ikkje noko utbredt husdyrbeite ut mot tørrheia og svaberga. Det vert ikkje gjødsla. Spreidde hytte finst jamt over i heile området. I Nenden og S-enden vart det på 80-talet planta sitka i kommunal regi, men desse er fjerna i den nordre delen etter statleg asikring til friluftsformål. Deler av den sørlige delen er militært antenneområde der kystlyngheia likevel i kovudsak er intakt.
Fremmede arter
Sitkagran (SE), buskfuru (SE).
Skjøtsel
All form for tekniske inngrep innanfor naturtypeavgrensinga bør unngåast. Eit ekstensivt beite kan med fordel innførastder attgroing truar. Dette er m.a. viktig i friluftsområdet i N der sitkaplantefeltet vart hogge ut for rundt 10 år sidan. Det er vanskeleg å vurdera praktiske vanskar med lyngbeiting etter kvart som området blir ein isolert brem på utsida av byggeområda. Men beiting bør prøvast sjølv om det harde været legg ein dempar på tilgroinga og kanskje gjer at delar av kystlyngheia kan bevarat med rydding. Det må ikkje tappast ut vatn, eller setjast ut fisk i nokre av tjerna/dammane i området.
Landskap
Området består av ein stor, flott og samanhengande lyngheilokalitet ved kysten.
Mangler
Totalareal
907 daa
Kilder
Navn År Tittel Lenke Kildetype
Dagestad, K. H. 2000 Naturtypekartlegging av Sola kommune. Internt database-kartinnsyn med kopling til foto og faktaark, uten rapport. Data lagt inn i Naturbasen. Feltundersøkelser
Torvik, S. E.,Strøm, K. B. og Oddane, B 2014 Kartlegging av verdifulle naturtypar i Rogaland 2013. - Ecofact rapport 345, 293 s. Litteratur
Dokumenter
    • image
    • Jåsund-Tananger. Ytst mot kystlinja, i overgangen mellom svaberg og lynghei

Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommuner