19.09.2017

Fakta: Naturtype


Laksesvelafjellet m.m.


Id
BN00044651
Områdenavn
Laksesvelafjellet m.m.
Bjerkreim
Naturtype
Kystlynghei
Utforming
Fuktig lynghei
Verdi
Svært viktig
Utvalgt naturtype
Ja
Navn på utvalgt naturtype
U06 - Kystlynghei
Registreringdato
19.08.2006
Nøyaktighetsklasse
20 - 50 m
Tilstand
MOB-Land prioritet
G Ikke vurdert
Modellert
Nei
Gjennomsnittsdyp
Forvaltningsplan
Nei
Forvaltningsavtale
0
Forvaltningsavtale inngått
Forvaltningsavtale utløper
Bruk
Påvirkningsfaktor
Verdibegrunnelse
Området er gitt verdi A (svært viktig) på grunn av at det er eit uvanleg stort, velutvikla og intakt kystheiområde med lite inngrep i form av gjødsling, dyrking, oppslag av tre og granplanting, og med tre raudlisteartar i høg kategori. Området hyser truleg ein av dei største bestandane av klokkesøte (EN) i landet, ein art som nasjonalt har eit svært lite utbreiingsområde. Ein annan sjeldan og sørleg art er raudlistearten bustsmyle (EN), og elles kan solblom (VU) framleis finnast. Området inneheld også terrengdekkjande myr og tørrheier, som vert rekna som sterkt truga vegetasjonstypar. Stadvis er beitetrykket godt, men det finst og område som er lite beita.
Innledning
Innlagt av John Bjarne Jordal i januar 2007. Lokaliteten er del av eit svært stort heiområde som i nord er avgrensa nær Røyslandsvatnet og Oslandsvatnet (vest for Vikeså), Laksesvela-Steinsland-Eikeland-Gravdal i aust og som strekkjer seg sørover til skogen i Ognadalen vestover frå Ualand mot Holmavatnet og Heresvela ved Ogna og vidare mest heilt ned til kysten. Sjå og skildringar og data hos Steinnes (1983, 1988), Naturbasenummer BN00000707. Lokaliteten med nærliggjande område lenger sør (sjå lok. 65 Hå/Eigersund:Ognadalen –Hellvik) kan vera eit av dei største bortimot samanhengande kystheiområda i landet. Langs ei line vinkelrett på kysten strekkjer det seg over om lag 18 kilometer, men er noko oppdelt. Området er undersøkt fleire stader for å få ei betre avgrensing, men det å avgrensa eit så stort område på ein god måte er eit svært arbeid som krev mykje meir tid enn det som sto til rådvelde. Ein har brukt ortofoto som støtte i avgrensinga både i forkant og etterpå. Terrengdekkjande myr (kystmyr) og gammal fattig edellauvskog (eikeskogsholt) er delvis avgrensa som eigne figurar i Naturbase. Dei vestre utlauparane ligg i nedbørfeltet til det verna Fuglestadvassdraget og er dekka av ein rapport om verneverdiane i dette (Dagestad). Det er og dels dekka av naturtypekartlegginga av Hå kommune (Dagestad, Hå kommune) der fleire svært viktige område er avgrensa med kystlynghei, intakt låglandsmyr, eikeskog og viktige bekkedrag (BN00008597, -8643, -8602 ,-8555, -8575, -8569).
Beliggenhet
Naturtyper
Heile dette store området er dominert av fukthei (H3) med blåtopp, ofte med klokkesøte i betydelege mengder. Elles finst m.a. ein del mindre fattige myrområde, også ofte med klokkesøte. Særleg interessant er eit område med eit myrkompleks med terrengdekkjande myr ved Trollhaugstjørni eit stykke sør for Moi (vest for Urdalsnipa), dette reknast som ein sterkt truga vegetasjonstype (EN - endangered), og er avgrensa i Naturbase som eigen lokalitet. Sør for Heresvela og Hellevatna finst ein del spreidde eikeholt med einskilde gamle eiker (avgrensa eigne lokalitetar i Naturbase), undervegetasjonen består stort sett av blåtopp. Lokaliteten inneheld også tørrhei (truga vegetasjonstype) og ein del oligotrofe vatn (mellom desse eitt med påvist bustsmyle, men det er sannsynlegvis fleire). Kjelder: Ryvarden (1978, Steinnes 1983, 1988).
Artsmangfold
Av planter må særleg nemnast store bestandar av klokkesøte (EN - sterkt truga på raudlista). Området er undersøkt inn frå mange ulike stader, og i alle undersøkte område med høveleg vegetasjon under 400 meter vart det funne gode klokkesøte-bestandar. I området Kutjørna-Langvatnet nordaust for Urddalsnipa vart det i 2006 telt over 1000 planter langs ei kortare gangrute (jf. også Steinnes 1988). Bestandane i heile området består nokså sikkert av eit 5-sifra tal individ (titusenvis av planter). Dette er dermed truleg ein av dei viktigaste bestandane i landet (jf. Hvattum 1993). Det vart elles funne ein annan raudlisteart, bustsmyle (EN) mellom Eikeland og Gravdal. Av andre artar kan nemnast blodtopp, og einskilde meir kravfulle artar som dvergjamne m.m. Aust for Butjønna (LL 20 01) oppgjev Steinnes (1988) solblom (VU). Dei oseaniske mosane purpurmose, dronningmose og gullhårmose er funne i fukthei i nord mot Røyslandsvatnet (ca. LL 24 04, Steinnes 1988).
Påvirkning
Jamt over eit middels beitetrykk av sau og somme stader storfe. Stadvis er beitetrykket godt, men det finst og område som er lite beita. Lite beita område er ofte dominerte av blåtopp, medan beiting, særleg storfebeiting, fører til meir likevekt mellom fuktheiartane. Dei minst beita områda er likevel ikkje attgrodde i den forstand at det er vesentleg oppslag av skog. Gradientar mot gjødsla beite i nærleiken av gardane. Einskilde sitkagranplantingar, vegar og dyrka småfelt. Ved somme vatn finst også hytter.
Fremmede arter
Skjøtsel
Lokaliteten bør ein del stader beitast hardare enn i dag, elles vil det kunne gro att på lang sikt. Klokkesøtebestandane (og evt. solblombestandar) vil vera avhengige av langsiktig tradisjonell bruk med beiting og trakk. Klokkesøte treng naken jord for å spira og utvikla seg. Ein bør unngå gjødsling og fysiske inngrep.
Landskap
Mangler
Totalareal
78338 daa
Kilder
Navn År Tittel Lenke Kildetype
Jordal, J. B. 2008 Supplerande kartlegging av naturtypar i Rogaland i 2006. Fylkesmannen i Rogaland, miljøvernavd, 1-156. Litteratur
Steinnes, A. 1988 Vern og skjøtsel av kysthei i Rogaland. Økoforsk rapport 1988, 11 1-119. Litteratur
Dokumenter
    • image
    • Foto: John Bjarne Jordal ©
    • image
    • Foto: John Bjarne Jordal ©

Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommuner