24.11.2017

Fakta: Naturtype


Ognadalen-Hellvik


Id
BN00044655
Områdenavn
Ognadalen-Hellvik
Naturtype
Kystlynghei
Utforming
Fuktig lynghei
Verdi
Svært viktig
Utvalgt naturtype
Ja
Navn på utvalgt naturtype
U06 - Kystlynghei
Registreringdato
20.08.2006
Nøyaktighetsklasse
< 20 m
Tilstand
MOB-Land prioritet
G Ikke vurdert
Modellert
Gjennomsnittsdyp
Forvaltningsplan
Forvaltningsavtale
0
Forvaltningsavtale inngått
Forvaltningsavtale utløper
Bruk
Påvirkningsfaktor
Verdibegrunnelse
Området er gitt verdi A (svært viktig) på grunn av at det er eit stort, intakt kystheiområde med relativt lite inngrep i form av gjødsling, dyrking, oppslag av tre, vegar og avgrensa mengd med granplanting. Det er viktige bestandar av raudlistearten klokkesøte, ein art som nasjonalt har eit svært lite utbreiingsområde og står i kategori EN-sterkt truga. Eikeinnslaget er ein tradisjonell del av heilandskapet som er karakteriserer sørlege kystheiar, men som er særleg velutvikla i dette området. Beitetrykket kunne vore betre mange stader.
Innledning
Innlagt av John Bjarne Jordal i januar 2007. Lokaliteten er eit stort heiområde nord og sør for Vestlandske hovudveg mellom Eigersund og Ogna, frå den skogkledde Ognadalen i nord og sørover til steinbrotet ved Hellvik.
Beliggenhet
Naturtyper
Heile dette store området er dominert av fukthei (H3) med m.a. blåtopp. Det finst overgang mot tørr hei (truga vegetasjonstype) på ein del grunnlendte knausar. Elles finst m.a. ein del mindre fattige myrområde, ofte med klokkesøte. Fleire stader er det små eikelundar og eikeskogar, dels gammal, fattig eikeskog (Raballi Naturreservat) , dels rik eikeskog med store mengder kusymre ( BN 00008616 Smøråsen-Grønåsen, Dagestad). Dessutan finst oligotrofe (næringsfattige) ferskvatn.
Artsmangfold
Av planter må særleg nemnast gode bestandar av klokkesøte (EN - sterkt truga på raudlista). Området er undersøkt heilt i sør ved steinbrotet, og mange stader langs Vestlandske hovudveg. I alle undersøkte område med høveleg vegetasjon vart det funne klokkesøte (sjå tabell over raudlistefunn). Bestandane består sannsynlegvis av eit minst 4-sifra tal individ (tusenvis av planter). Dette er dermed ein svært viktig bestand. Av andre planteartar kan nemnast t.d. blodtopp, heiblåfjør, klokkelyng, krypvier og kvitmyrâk.
Påvirkning
Området har truleg i lang tid vore påverka av beiting. Det er jamt over eit middels til dårleg beitetrykk av sau og somme stader storfe. Einskilde sitkagranplantingar og vegar. Vestlandske hovudveg går gjennom lokaliteten. Det er gradientar mot gjødsla beite i nærleiken av gardane i utkanten av området.
Fremmede arter
Skjøtsel
Lokaliteten bør beitast hardare enn i dag, elles vil det kunne gro att på lang sikt. Klokkesøtebestandane vil vera avhengige av langsiktig tradisjonell bruk med beiting og trakk. Arten treng naken jord for å spira og utvikla seg. Ein bør unngå gjødsling og fysiske inngrep. Vestlandske hovudveg er ein mykje nytta turveg med nokre informasjonstavler om kulturminne, og vil og kunne nyttast til ytterlegare informasjon om bruken av dette gamle kulturlandskapet med tilhøyrande biologisk mangfald.
Landskap
Mangler
Totalareal
14026 daa
Kilder
Navn År Tittel Lenke Kildetype
Jordal, J. B. 2008 Supplerande kartlegging av naturtypar i Rogaland i 2006. Fylkesmannen i Rogaland, miljøvernavd, 1-156. Litteratur
Dokumenter
    • image
    • Foto: John Bjarne Jordal ©
    • image
    • Foto: John Bjarne Jordal ©

Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommuner