19.09.2017

Fakta: Naturtype


Ognøy


Id
BN00045288
Områdenavn
Ognøy
Bokn
Naturtype
Kystlynghei
Utforming
Verdi
Svært viktig
Utvalgt naturtype
Ja
Navn på utvalgt naturtype
U06 - Kystlynghei
Registreringdato
19.09.2006
Nøyaktighetsklasse
< 20 m
Tilstand
MOB-Land prioritet
G Ikke vurdert
Modellert
Gjennomsnittsdyp
Forvaltningsplan
Forvaltningsavtale
0
Forvaltningsavtale inngått
Forvaltningsavtale utløper
Bruk
Beite, Gjødsling, Brenning
Påvirkningsfaktor
Gjenfylling av dammer, bekkelukking, tørrlegging
Verdibegrunnelse
Innledning
Området utgjer heile nordelen og det meste av kystlina av Ognøy i Bokn kommune i boreonemoral vegetasjonssone og klart oseanisk vegetasjonsseksjon (O2). Området er eit for det meste grunnlendt kystheilandskap med ein mosaikk mellom ulike utformingar av kystlynghei og kystmyr. E39 går i vestkanten av området og skil den vestre kystlina frå resten av området. Om lag midt på øya er det ei høgde i aust og ei i vest (78 m.o.h.) med eit svakt daldrag mellom. Dyrka jord og kulturbeite ligg sør for desse med tunet i sørvest og er halde utanfor området. Det er bygd ei ridevegsløyfe frå tunet mot nordaust, inn i området rundt den austre høgda.. Området er registrert i ”Nasjonal registrering av kulturlandskap”.
Beliggenhet
Naturtyper
Området er dominert av kystlynghei som varierer etter råme og helling og der dei tørrare utformingane er dominerte av røsslyng (H1). Tørrhei dominerer i nord og vest og på dei høgaste partia. Det er eit jamnt innslag av purpurlyng, særleg i sørhellingar(H1b). I mellomtørre delar kjem klokkelyng og mindre innslag av fuktheiartar som blåtopp, bjønnskjegg og heisev inn. I fuktig hei (H3) dominerer oftast desse artane, og då gjerne med rome i tillegg (H1b). Den svake nordhellinga nord for midten på øya er ei stor fukthei, dels dominert av blåtopp og med mindre drag av fattigmyr i søkka. I ein av myrane som er delvis tørrlagt, finst ein stor bestand bustsmyle på bar torv saman med myrkråkefot, krypsev, kornstorr, klokkelyng, rome og kroktorvmose. På aust- og nordsida av den austre høgda er det ein del rikare hei med mykje purpurlyng, heiblåfjør og kystmyrklegg, tepperot i tørrare delar og rikare fukthei med jåblom, krypvier, heisev, dvergjamne, kornstorr, beitestorr, skottlandsaugnetrøyst, brunklomose og blodmose. I vest er det ein bratt skrent med ein hassellund der finst dei fleste oseaniske fuktkrevjande bladlava og fleire andre sjeldsynte lavartar(sjå ”Artsfunn”) (Røsberg 1981). Sør for gardsvegen og ved det vestre tunet er det bjørkehagar som er aktivt beita, men ikkje undersøkte.
Artsmangfold
Bustsmyle ( sterkt trua-EN), purpurlyng (nær trua-NT). Jåblom er etter kvart mindre vanleg fordi dei opne kulturlandskapa er fattige og går tilbake. Pyttlav finst i fuktheia. Av andre lavartar finst Pyrenocarpon flotovianum (einaste funn i landet) og artane, Verrucaria margacea, Polyblastia cupularis , Catillaria chalybeia med einaste funn i fylket her (Røsberg1981).
Påvirkning
Generasjonsskifte har ført til meir intensiv drift med ny driftsbygning for gris, oppgjødsling med gylleanlegg og nydyrking. Utover nemnte vegar er det ikkje vesentlege inngrep i kystheia bortsett frå eit litt opparbeidd traktor-køyrespor i nord. Den ugjødsla heia blir aktivt beita av sau og storfe og det har ikkje vore avbrot i lyngbrenninga. Heia er derfor lite tilgrodd og med lyng frå nybrende til modne stadier, men det er ikkje gammal lyng i forfallsfase.
Fremmede arter
Skjøtsel
Landskap
Mangler
Totalareal
1626 daa
Kilder
Navn År Tittel Lenke Kildetype
Norderhaug, A. et al. 2007 Supplerende kartlegging av biologisk mangfold i jordbrukets kulturlandskap, inn- og utmark, i Rogaland, med vurdering av kunnskapsstatus. Nasjonalt program for kartlegging og overvåking av biologisk mangfold. DN Utredning 2007-4 Litteratur

Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommuner