24.11.2017

Fakta: Naturtype


Kvernevik


Id
BN00061807
Områdenavn
Kvernevik
Stavanger
Naturtype
Kystlynghei
Utforming
Kalkfattig kystfukthei
Verdi
Viktig
Utvalgt naturtype
Ja
Navn på utvalgt naturtype
U06 - Kystlynghei
Registreringdato
13.07.2015
Nøyaktighetsklasse
< 20 m
Tilstand
MOB-Land prioritet
G Ikke vurdert
Modellert
Gjennomsnittsdyp
Forvaltningsplan
Forvaltningsavtale
0
Forvaltningsavtale inngått
Forvaltningsavtale utløper
Bruk
Påvirkningsfaktor
Verdibegrunnelse
Lokaliteten har ein viss storleik, er i byrjande attgroing, men ikkje lengre kommen enn at den fortsett har gode vegetasjonsmessige kvalitetar. Innan avgrensinga finnes det tre førekomstar av berghøymole (VU) som er ein svært sjeldan art og som i tillegg er ein ansvarsart for Norge. Som kystlynghei isolert sett har området mindre verdi, men det har ein viss pedagogisk verdi som undervisningsobjekt og raudlistearten hevar verdien. Ut frå dei nye verdisetjingskriteria tilseier lokalitetens storleik, hevd og førekomst av raudlisteartar ein verdisetjing som viktig (B).
Innledning
Feltarbeid og områdeskildring er gjort av Ecofact ved Bjarne Oddane i samband med revidering av gamle, og registrering av nye, kystlyngheier i Rogaland i 2015. Lokaliteten er registrert frå før i Naturbase av V. A. Larsen. Det er her gjort nokre endringar i områdeskildring og avgrensing. Vurdering og verdisetjing av lokaliteten fylgjer forslag til nye faktaark for kystlynghei (Jordal, 02.06.2014).
Beliggenhet
Lokaliteten er eit langstrakt område med kystlynghei i et eksponert havmiljø. Kystlinja er variert med strandklipper lengst sør og strandberg, rullesteinstrand mot nord. Lokaliteten grensar i øst mot busetnad (Nord-Sunde). Avgrensinga er sett på grunnlag av ortofoto og synfaring, og presisjonen er vurdert til å vere god (< 20 m). Berggrunnen består av i sør av diorittisk til granittisk gneis og migmatitt og i nord av fyllitt og glimmerskifer (NGU). Lausmassedekket består for ein stor del av tynn moreneavsetning med ein god del fjell i dagen. Lokaliteten ligg i boreonemoral vegetasjonssone, og i sterkt oseanisk seksjon (BN-O3t).
Naturtyper
Kystlynghei dekker store delar av den vegetasjonsdekte delen av avgrensinga. Det er også ein god del berg i dagen og ytst mot havet er det strandberg. Det finnes nokre parti med fukthei/fuktig lyssivdominert eng og også eit mindre parti med strandeng ved Torsteinvika. Vegetasjonstypen i kystlyngheia består i all hovudsak av tørkeutsett hei (Fattige tørrheier, D0713) med røsslyng som mengdeart. Av andre arter kan blokkebær, tepperot, smyle, geitsvingel, krekling, bjønnskjegg, tyttebær, slåttestorr, klokkelyng, blåtopp og heisiv nemnast. På svaberga veks det kystbergknapp og strandnellik i sprekkar.
Artsmangfold
Det er funnet berghøymole (VU) på tre stader innan lokaliteten; ved utløpet av Kvernbekken, Laksaskjær og sør av Kjettingmonument. Den er knytt til grus- og steinstrender og til sprekkar i strandberg. Berghøymole er berre kjent frå Rogaland og Bornholm. Arten burde truleg vore vurdert som sterkt trua (EN) (Artsdatabanken 2016). Det er også funne lokalt sjeldne artar som grisnestorr, blåstorr og blankburkne i lokaliteten.
Påvirkning
Lokaliteten er ikkje lengre i bruk, men røsslyngen er for ein stor del låg og tett. Det er truleg salt og vind som har halde den nede. I dei indre partia av området byrjar lyngen å bygge seg opp. På fuktmark og djupare jordsmonn byrjar det å komme oppslag av små tre. Det går ein sti gjennom området.
Fremmede arter
Det er registrert ein god del framande artar innan og like utanfor lokaliteten. Rynkerose (SE – svært høg risiko) finnes stadvis i større grupper. Sitkagran (SE) er også representert med små frøsådde tre. Av andre artar kan mispel (høg risiko), tusenstråle (PH – potensiel høg risiko) og raigras (vurdering?) nemnast. Rundt busetnaden og hyttene er det også fleire hageplantar som potensielt kan spreie seg inn i lokaliteten.
Skjøtsel
Det er viktig å oppretthalda tradisjonell skjøtsel på lokaliteten. Lokaliteten bør beitast og eventuelt brennast i samsvar med tidlegare bruk. Ein bør unngå ytterligare fysiske inngrep og utviding av plenområde. Svartlistearter bør fjernast.
Landskap
Kystlyngheia representerer eit landskap som var meir utbreidd i kystnære område tidlegare. Denne lokaliteten er ein rest, men gjev til ein viss grad eit heilskaplig bilete når den sjåast på i saman med svaberg og havet utanfor.
Mangler
Totalareal
184 daa
Kilder
Navn År Tittel Lenke Kildetype
Grogan, P. W . Feltundersøkelser
Imsland, S. Feltundersøkelser
Larsen, V. A. Feltundersøkelser
Bjarne Oddane Feltundersøkingar Feltundersøkelser

Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommuner