18.12.2017

Fakta: Naturtype


Regsheia Sandheia ved Stora Mjelkevatnet


Id
BN00082049
Områdenavn
Regsheia Sandheia ved Stora Mjelkevatnet
Sokndal
Naturtype
Kystlynghei
Utforming
Fuktig lynghei
Verdi
Svært viktig
Utvalgt naturtype
Ja
Navn på utvalgt naturtype
U06 - Kystlynghei
Registreringdato
09.09.2010
Nøyaktighetsklasse
< 20 m
Tilstand
MOB-Land prioritet
G Ikke vurdert
Modellert
Nei
Gjennomsnittsdyp
Forvaltningsplan
Nei
Forvaltningsavtale
0
Forvaltningsavtale inngått
Forvaltningsavtale utløper
Bruk
Beite
Påvirkningsfaktor
Skogplanting
Verdibegrunnelse
Lokaliteten er stor og delvis i god hevd med god førekomst av den sterkt truga arten klokkesøte. Verdien er derfor sett til svært viktig (A-område). Delar av områda i vest tilseier og denne kategorien ut frå tilstand, og store, intakte kystmyrar i aust tilseier og verdi A uavhengig av klokkesøteførekomstane
Innledning
Undersøkt ved feltarbeid av Bjarne Oddane og Rune Søyland 09.09.2010. Grimstad, K.B. 2001, Dahle, S.E. 2002, Undersøkt av Audun Steinnes i 1974 ”Landsplanen for verneverdige områder og forekomster-Miljøverndepartementet”, Steinnes, A. 1983 a, Fylkesmannen i Rogaland 1994
Beliggenhet
Stort areal med kystlynghei sør for Fv 44 frå Jøssingfjord mot Åna-Sira. Den søre delen av området er kartlagt av Steinnes i ”landsplanen for verneverdige områder og forekomster” (Miljøverndepartementet 1973-1976), omtalt i Steinnes 1988 a og b og har høg prioritet i fylkeselplan for naturvern frå 1992 og revidert fylkedelplan FINK frå 2003. Området har store variasjonar i tilstand, og det er fleire større myrar innføre avgrensinga. Det er gode førekomstar av klokkesøte (EN) innføre lokaliteten. Det meste av området er typisk anorthosittlandskap med mykje fjell i dagen. Området er i aust avgrensa mot furuskog og bjørkeskog langs Målsjuvet, og Målsjuvet naturreservat. Malbergsheia som ligg i aust har truleg tilsvarande kvalitetar, men blei ikkje undersøkt i samband med prosjektet i 2010. I nord er avgrensninga mot Fv 44 og i vest og sør mot bjørkeskogsbelte ned mot sjøen. Det er i avgrensninga tatt med nokre mindre område med bjørkeskog og planteskog, som det vil vere mogleg å tilbakeføre til kystlynghei. Eit større område med bjørkeskog vest for Stora Mjelkevatnet er utelate frå lokaliteten, sidan dette i dag er skog som vanskeleg kan tilbakeførast til kystlynghei. Avgrensinga er gjort på grunnlag av feltarbeid og ved hjelp av flyfoto i etterkant, og er vurdert til å vere god. Ved feltarbeidet blei det søkt spesielt etter klokkesøte. På grunn av storleiken på området er truleg berre ein mindre del av plantene registrert. Arten blei funnen jamt spreidd utover på eigna veksestader i heile området, men tilsynelatande meir fåtalig i nordre del. På befaringsruta i austre del (RSØ) blei det talt opp 619 skott, 9 av desse var sterile. I vest blei det talt opp 632 skott (BJO). Området består av eit kupert heilandskap med ein god del fjell i dagen, elles tynnt lausmassedekke. Bergrunnen består av anortositt og anortositt, leuconoritt og noritt med linser av noritt (NGU). Området ligg i boreonemoral vegetasjonssone, sterkt oseanisk seksjon (Bn-O3).
Naturtyper
Kystlynghei av fuktheiutforming er dominerande naturtype, men fleire myrar kvalifiserar og for kystmyr. Desse er tekne med i den store kystlyngheilokaliteten. Fuktheia er typisk med blåtopp, klokkelyng, pors, bjønnskjegg, rome og røsslyng. Det er parti med tørrhei i sørvendte hellingar som er prega av opne fater med grov anortosittgrus, dels med innslag av urter som skogfiol, engfiol, teiebær, dvergmispel og blåknapp (Steinnes 1988a). I nordvest i Reg-heia er det gras- og urterik hei med firtann og solblom (Dagestad, muntleg). I enkelte lisider er det noko bjørkeskog av blåbærutforming som er teken med for å få ei funksjonell avgrensing. Fordelinga av utformingar er anslag.
Artsmangfold
Klokkesøte (EN) vart funne i etter måten gode førekomstar. Vanlege fuktheiartar dominerer. Tettegras, krypvier, greplyng, rundsoldogg, elvesnelle, stjernestorr, duskmyrull, øyrevier blei ellers notert. Eit eldre funn av kystsaltlav (VU) er gjort ved Dydland (E. Dahl, 1963), men det er usikkjert om dette var innføre lokaliteten. Fleire raudlista fugleartar er elles observerte
Påvirkning
I aust er det viktig å få til beite og brenning, medan beitepresset på enkeltstader i vest kanskje burde vorte redusert noko. Det er fleire plantefelt som burde vorte fjerna innføre avgrensa område. Klokkesøteførekomstane i aust er direkte truga av gjengroing
Fremmede arter
Gran, buskfuru og lerk. og svartelistearten bekkerøye er tidlegare registrert i fleire av vatna (Artskart).
Skjøtsel
I aust er det viktig å få til beite og brenning, medan beitepresset på enkeltstader i vest kanskje burde vorte redusert noko. Det er fleire plantefelt som burde vorte fjerna innføre avgrensa område. Klokkesøteførekomstane i aust er direkte truga av gjengroing
Landskap
Mangler
Totalareal
8378 daa
Kilder
Navn År Tittel Lenke Kildetype
Fylkesmannen i Rogaland 1994 Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap i Rogaland. Del A. Litteratur
Fylkesmannen i Rogaland 1994 Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap i Rogaland. Del B. Litteratur
Steinnes, A. 1988 Oversikt over botaniske verneverdiar i Rogaland. Økoforsk rapport 1988: 12. Med områdekartotek Litteratur
Dokumenter
    • image
    • Regsheia Sandheia ved Stora Mjelkevatnet

Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommuner