24.11.2017

Fakta: Naturtype


Valhest - Kiggjafjellet


Id
BN00082287
Områdenavn
Valhest - Kiggjafjellet
Tysvær
Naturtype
Kystlynghei
Utforming
Kalkfattig kystfukthei
Verdi
Svært viktig
Utvalgt naturtype
Ja
Navn på utvalgt naturtype
U06 - Kystlynghei
Registreringdato
16.08.2015
Nøyaktighetsklasse
< 20 m
Tilstand
MOB-Land prioritet
G Ikke vurdert
Modellert
Nei
Gjennomsnittsdyp
Forvaltningsplan
Nei
Forvaltningsavtale
0
Forvaltningsavtale inngått
Forvaltningsavtale utløper
Bruk
Påvirkningsfaktor
Verdibegrunnelse
Lokaliteten er stor i utstrekning og er i forholdsvis god hevd der brenninga er tatt opp att. Innan avgrensinga finnes det nokre område med purpurlynghei og det hekkar gauk (NT) innanfor avgrensinga. Ut frå dei nye verdisetjingskriteria tilseier lokalitetens storleik, hevd og førekomst av raudlisteartar ein verdisetjing som svært viktig (A).
Innledning
Feltarbeid og områdeskildring er gjort av Ecofact ved Bjarne Oddane i samband med revidering av gamle, og registrering av nye, kystlyngheier i Rogaland i 2015. Lokaliteten er registrert frå før i Naturbase, sist av A. Lundberg. Det er her laga nytt områdenamn, gjort endringar på områdeskildring og avgrensing. Vurdering og verdisetjing av lokaliteten fylgjer forslag til nye faktaark for kystlynghei (Jordal, 02.06.2014).
Beliggenhet
Lokaliteten består av eit stort heiområde, rett nord av Aksdal sentrum i Tysvær kommune. Lokaliteten dekker store delar av heia nord av Aksdalvatnet, aust av Stakkastadvatnet og vest av Grindafjorden med fjellet Valhest (313 m o.h.) som eit sentralt landemerke. Avgrensinga er sett på grunnlag av ortofoto og synfaring, og presisjonen er vurdert til å vere god (< 50 m). Berggrunnen består av fleire ulike typar som gneis, granittisk gneis og migmatitt (NGU). Lausmassedekket består for ein stor del av tynn moreneavsetning med ein del bart fjell i dagen, men også nokre område med tjukkare morenedekke og torvavsetningar. Lokaliteten i sørboreal vegetasjonssone, og i sterkt oseanisk seksjon (BN-O3h).
Naturtyper
Kystlynghei dekker store delar av avgrensinga. Det finst også område med fattig myr, men det synest naturleg at området sjåast på som ein heilskap. Vegetasjonstypen i kystlyngheia består av kalkfattig, lite tørkeutsett hei (Fattige fuktheier, D0708), men det finst også parti med kalkfattig, tørkeutsett hei (Fattige tørrheier, D0713). På nokre få solvende skrentar ble det registrert purpurheiutforming. Vegetasjonen er ofte dominert av blåtopp og bjønnskjegg, men røsslyng, klokkelyng og rome er også talrike. Av andre vanleg førekommande artar kan pors, flekkmarihand, blokkebær, heiblåfjør, heisev, stjernestorr og tepperot nemnast. Myrene er også stort sett dominerte av blåtopp, med innslag av rome, bjønnskjegg, klokkelyng, røsslyng, torvull, pors og duskull.
Artsmangfold
I nokre få solvendte tørre knausar veks det litt purpurlyng. Av raudlisteartar er det registrert gauk (NT) i området. Denne fylgjer heipiplerka som trivest godt i den opne heia.
Påvirkning
Området er brukt til husdyrbeite og mindre delar av det har nyleg vore svidd av. Ved Kiggjafjellet beitast det av storfe, medan det elles vert beita av sau. Stort sett er det god hevd innan avgrensinga, men i enkelte pari er det oppslag av furu og bjørk. Enkelte stader er det også mykje einer. Det går turstiar gjennom området. Fleire stader er gjødsling og skogplanting i ferd med å fragmentere lokaliteten (Stakkastaddalen og Storestemmen opp av Kringeland).
Fremmede arter
Det er planta sitkagran og andre framande bartre inn mot lokaliteten og enkelte tre har spreidd segg inn i lokaliteten.
Skjøtsel
Det er viktig å oppretthalde tradisjonell skjøtsel på lokaliteten. Lokaliteten bør beitast og eventuelt brennast i samsvar med tidlegare bruk. Ein bør unngå ytterligare utviding av gjødsla mark og planteskog. Svartlistearter bør fjernast. Lyngrike områder og områder med mykje strølag og oppvekst av busk/tre bør brennast for å halde kystlyngheia i god hevd. Brenning kan også brukas til å halde heia i god hevd dersom beitetrykket er for lågt. Ein bør unngå gjødsling, treplanting og fysiske inngrep.
Landskap
Lokaliteten er ein del av eit stort samanhengande lyngheiområde
Mangler
Totalareal
13909 daa
Kilder
Navn År Tittel Lenke Kildetype
Bjarne Oddane Feltundersøkingar Feltundersøkelser
Lundberg, Anders 2010 Kulturlandskap og biologisk mangfald på Haugalandet. Fylkesmannen i Rogaland, Miljørapport 5, 2010 Litteratur
Dokumenter
    • image
    • Tysvær, Valhest
    • image
    • Tysvær, Valhest 2
    • image
    • Tysvær, Valhest 3
    • image
    • Tysvær, Valhest 4
    • image
    • Tysvær, Valhest 5
    • image
    • Tysvær, Valhest 6
    • image
    • Tysvær, Valhest 7
    • image
    • BN00082287.JPG

Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommuner