24.11.2017

Fakta: Naturtype


Steinsfjellet


Id
BN00082289
Områdenavn
Steinsfjellet
Haugesund
Naturtype
Kystlynghei
Utforming
Verdi
Svært viktig
Utvalgt naturtype
Ja
Navn på utvalgt naturtype
U06 - Kystlynghei
Registreringdato
01.09.2014
Nøyaktighetsklasse
20 - 50 m
Tilstand
God hevd
MOB-Land prioritet
G Ikke vurdert
Modellert
Nei
Gjennomsnittsdyp
Forvaltningsplan
Nei
Forvaltningsavtale
0
Forvaltningsavtale inngått
Forvaltningsavtale utløper
Bruk
Påvirkningsfaktor
Verdibegrunnelse
Ut frå utkast til faktaark for naturtypen datert november 2014 oppnår lokaliteten høg vekt på tilstand (i bruk med beite og brenning, open mark med einskilde tre) og størrelse (1227 daa) og middels vekt på påverknad/bruk (moderat til svak påverknad av framande artar) og raudlisteartar (2 NT-/DD-artar). Dette gjer grunnlag for å setja verdien svært viktig (A) på lokaliteten .
Innledning
Lokaliteten er kartlagt av Miljøfaglig Utredning ved Bjørn Harald Larsen den 1.9.2014 i samband med naturtypekartlegging i Haugesund kommune på oppdrag frå Fylkesmannen i Rogaland. Det er tidlegare kartlagd ei stor kystlynghei med verdi A i området (BN00082289, Aust for Steinsfjellet). Avgrensinga av denne er endra noko, samstundes som beskrivinga er oppdatert etter siste mal frå Miljødirektoratet.
Beliggenhet
Lokaliteten ligg mellom Skåredal/Toskatjørn og Krokavatnet heilt aust i Haugesund kommune. Den grensar mot ei stor kystlynghei i Tysvær kommune mot aust, medan det elles er gjengroande lynghei rundt lokaliteten. Lokaliteten omfattar Steinsfjellet, Kringsjå, Tømmerdal og områda aust for Stakk. Berggrunnen i området består for det meste av fin til middelskorna granitt, med innslag av migmatitt og metadioritt i nordre del. Eksposisjonen varierer mykje, då det er snakk om eit landskap brote opp av bratte kollar og knausar, der relieffa går både sørvest-nordaust og søraust-nordvest.
Naturtyper
Kystlynghei med innslag av kystmyr i søkk. Fattig tørrhei med røsslyng og klokkelyng er dominerande delnaturtype, men det er også ein god del fattig fukthei, dels i overgang mot myr. På dei beste beita knausane er det utvikla naturbeitemark med frisk fattigeng av gulakstype (G4a). Lundberg (2010) registrerte fylgjande vegetasjonstypar i området: H1a tørr lynghei, røsslyng-utforming, H1b tørr lynghei, purpurlyng-utforming, H5 kystfjellhei med dvergbjørk, K3b fattig fastmattemyr, røsslyng-kysthei-utforming og L3 intermediær mjukmatte/lausbotnmyr.
Artsmangfold
Purpurlyng (NT) er sjeldsynt i tørrheia, som elles har innslag av kystmyrklegg, tepperot, kystmaure, blåbær, finnskjegg og geitsvingel. I fuktheia inngår også bjørneskjegg, rome, kornstarr, duskmyrull og blåtopp. Partia med frisk fattigeng hadde artar som kjertelaugnetrøst, smalkjempe, blåklokke, kystgrisøyre, finnskjegg og ryllik. Lundberg (2010) registrerte 90 planteartar på lokaliteten, og han trekker m.a. fram dvergbjørk, heiblåfjør, bjønnkam og skrubbær. Han seier vidare at artar som steinskvett, heipiplerke, orrfugl, bergirisk og hare har tatt seg opp att etter at lyngbrenninga tok til att på 2000-talet, og at det same gjeld firfisle, stålorm, hoggorm, padde og frosk. Det er i tillegg registrert ei rekkje raudlista fugl på Steinsfjellet, m.a. svartstrupe (NT) på 1990-talet (Artsobservasjoner). John Inge Johnsen fant kystraggtelg (DD) på Steinsfjellet i 2007 (Artskart).
Påvirkning
Frå tidleg på 1990-talet har området vore beita av villsau frå Kringsjå samdrift. I 2010 var det om lag 80 vinterfôra sauer på beitet i området; 170-180 om sommaren (Lundberg 2010). Hevda er god, dvs. at heia vert halden open og med store areal med godt beitetrykk. Lyngbrenning vart teken opp att rundt 2002/03, og sidan den gang har m.a. sørsida av Buafjellet, heile Trongjå og sørsida mot Fedjedalen verte brent (Lundberg 2010). Det største inngrepet i området er skogplantinga. Den tok til omkring 1920 og det er planta om lag 100.000 tre. Dei fleste av desse er framande treslag som ikkje høyrer heime i regionen, som kvitgran, normannsgran, sitkagran, norsk gran og buskfuru (Lundberg 2010). Dei attverande plantefelta er utanfor avgrensa lokalitet, men fleire av artane har spredd seg med einskilde tre in i lyngheia.  
Fremmede arter
Sjå ovanfor.
Skjøtsel
Brenning av stadig større delar av heia bør halde fram saman med beite med utgangarsau. Plantefelt inntil og framande treslag innafor lokaliteten bør fjernast.
Landskap
Lokaliteten er ein del av eit stort samanhengande lyngheiområde som strekker seg over til Førre i Tysvær.
Mangler
Totalareal
1243 daa
Kilder
Navn År Tittel Lenke Kildetype
Bjørn Harald Larsen Feltundersøkelser
Lundberg, Anders 2010 Kulturlandskap og biologisk mangfald på Haugalandet. Fylkesmannen i Rogaland, Miljørapport 5, 2010 Litteratur
Thylen, A et al. 2015 Naturtypekartlegging i Rogaland 2014. BioFokus-rapport 2015-8. http://lager.biofokus.no/biofokus-rapport/biofokusrapport2015-8.pdf Litteratur
Dokumenter
    • image
    • Haugesund, aust for Steinsfjellet
    • image
    • Haugesund, aust for Steinsfjellet 2
    • image
    • Haugesund, aust for Steinsfjellet 3
    • image
    • Haugesund, aust for Steinsfjellet 4
    • image
    • Haugesund, aust for Steinsfjellet 5

Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommuner