18.12.2017

Fakta: Naturtype


Sletthei


Id
BN00086414
Områdenavn
Sletthei
Lund
Naturtype
Kystlynghei
Utforming
Fuktig lynghei
Verdi
Viktig
Utvalgt naturtype
Ja
Navn på utvalgt naturtype
U06 - Kystlynghei
Registreringdato
10.06.2013
Nøyaktighetsklasse
< 20 m
Tilstand
God hevd
MOB-Land prioritet
G Ikke vurdert
Modellert
Nei
Gjennomsnittsdyp
Forvaltningsplan
Nei
Forvaltningsavtale
Bruk
Påvirkningsfaktor
Verdibegrunnelse
Området får verdi B-viktig som eit stort , i hovudsak velskjøtta område med ein sårbar art.
Innledning
Området er undersøkt av Audun Steinnes (Steinnes 1983, 1988), sist i 2013 saman med Rune Halvorsen, og har skrive områdeomtalen.
Beliggenhet
Området ligg Nordvest på gardane Kjørmo og Steinberg i Hovsherad, Lund kommune. Det ligg mellom 200 og 500 moh , i ei nokså slak og slett søraustvend liside . Terrenget fylgjer lagdelinga i berggrunnen (fattig migmatitt) som er jamt dekka med eit tynt , fuktig torvlag. Det ligg i i sørboreal vegetasjonssone og klart oseanisk vegetasjonsseksjon (O2). Om lag 2/3 ligg innanfor Førland og Sletthei landskapsvernområde.
Naturtyper
Området er heilt dominert av fukthei med svært spreidd, seintveksande furu. Lågare enn om lag 400 moh er heia prega av rome , pors, bjønnskjegg, blåtopp og klokkelyng med meir spreidde innslag av røsslyng. Andre artar er tepperot, heiblåfjør, hundekvein, heisev, knegras, kornstorr, krypvier, kvitlyng og flekkmarihand. I dei mest beita og opptråkka delane er det ganske mykje finnskjegg og lite blåtopp. Av mosar kan nenmnast heiflette, blåmose, Polytrichum longisetum, Sphagnim compactum, Campylopus subulatus og C. introflexus. På nokre ryggar og i sørhellinga ved Skobbaspranget er det noko større røsslynginnslag, men lite eigentleg tørrhei utan rome. Mellom 400 og 450 moh går pors ut og dvergbjørk kjem inn i staden, og rypebær blir vanlegare. På rabbane er det boreal tørrhei med røsslyng, kystreinlav, pigglav, rypebær, krekling og spreidd stivstorr, rabbesev og greplyng.
Artsmangfold
Området er artsfattig og prega av svakt kystbundne (suboseaniske) artar med heiblåfjør og heistorr som dei einaste sterkare kystbundne artane. Einaste raudlistearten er klokkesøte (VU-sårbar). Denne fanst på 70-80-talet nokså rikeleg i den lågastliggande, søraustlege delen (Steinnes 1988), og nede i dalbotnen men er dei siste åra berre funne to stader her med nokre få eksemplar. Dette er truleg innergrensa for arten i Dalane.
Påvirkning
I lia nord for Sletthei er det mange, jamt fordelte kollag i torva (Steinnes 1988). Dette viser at Sletthei vart brend regelmessig . Sjølv om dette tok slutt om lag 1950, har tilgroinga vore moderat. Sletthei var for det meste ei slåttehei som vart slegen annankvart eller tredjekvart år. Dei slo gras, mykje av det var ”storr”. Mykje kan tyda på at dette var blåtopp, kanskje og bjønnskjegg. Lokale namn som Stakkstongtjørna og Grastødnan minner om dette.
Fremmede arter
Det er planta framande bartre, mest lerk, i nedre del ved Skobbaspranget, den øvre delen av dette har gått med ved brenninga.
Skjøtsel
Etter 2000 har det kome i gang systematisk skjøtsel. Aktive bønder på Kjørmo har brend heile heia i om lag 8 teigar og beiter med Aberdeen Angus. Det er kanskje i meste laget med beiting og tråkk i delar av heia der det ser ut til at finnskjegg aukar. Her vart det lagt ut fastruter i 2012 for å overvaka utviklinga. Andre delar av heia kan truleg beitast meir. Det bør vera 10-20 år mellom brenningane. Det er avgjerande at den gode skjøtselen i området vert vidareført.
Landskap
Det er lite inngrep i området, og landskapsvernet legg eit godt grunnlag for å unngå nye.
Mangler
Totalareal
2309 daa
Kilder
Navn År Tittel Lenke Kildetype
Steinnes, Audun Feltundersøkelser
Steinnes, A. 1983 Skogssamfunn og vegetasjonskartlegging i Dalane i Rogaland. Univ. Oslo, Bot. Hage og Mus., cand. Real. Thesis. 157 s. + tab., kart. Litteratur
Steinnes, A. 1988 Vern og skjøtsel av kysthei i Rogaland. Økoforsk rapport 1988, 11 1-119. Litteratur

Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommuner